Marita 2011 12 03
Eg er og har alltid vore veldig glad i å lese bøker, men når det kommer til eksamen er det ikkje alltid like kjekt å lese. Akkurat nå leser eg om hjernen og nervesystemet.

Sidan boka er stor, tung og på engelsk, er wikipedia blitt ein god venn av meg dei siste dagane.
Gleder meg til eg kan lese andre bøker igjen, har fem bøker som ligger og venter i bokhylla.
Hjernen er stor, tung og på engelsk; gir jo meining om boka OM hjernen må ver det samme =)
Nå har eg vore litt sløv til å følga med på andre sine bloggar, men her er eg igjen!
Eg har endeleg begynt på ei bok igjen, etter min svært lange boklesningspost den andre dagen… eg er allerede på side 53 =)
Ka er dei fem bøkene i bokhylla??
Forresten, har du ein gullring på venstre ringfinger berre på gøy? Nei, forresten, det er høyre ringfinger i Norge, er det ikkje? Hmm, eg såg akkurat at hånda mi på tastaturet (den venstre med gifteringen på) matcha di hånd med ring, ser du…
Jaja, her får du direkte innblikk i hjernekapasiteten til gravide (står det noko i boka di om det?).
Ben har funne ut at siden eg har 8% redusert hjernekapasitet (som gravid) og dei fleste berre bruker 5% av hjernen sin, så har eg altså -3% hjernekapasitet (denne mengden virker kun når det gjeld juledekorasjonar), og eg har fått kallenavnet cb-3 (christmas brain -3%)…
Åh, så mange lange fine kommentarar du fekk!! =)
Hihi, plutseligt va der komt masse kommentarar her. Eg huske ikkje ka alle bøkene hette, men to av dei er vertfall “dette er mine gamle dager” av Tore Renberg og “lykka er ein sjeldan fugl” av Anna Gavalda Dei siste huske eg ikkje akkurat nå.
Det er nok ingen gullring eg har på fingeren, men ein sølvring og den er der bare for gøy ;)
Står lite om gravides hjernekapasitet i boka mi, sto faktiskt ingenting om gravide i boka mi trur eg. Men nå er eg ferdig med den boka, nå har eg begynt på abnormal psykologi heller ;)
No skal eg vere skikkelig gledesdreper her og påpeke at det er passe teit å legge dei 8 prosentene på samme plass som dei 5 du bruker. Det er jo 95 andre prosenter å ta av! Men det er vel bare ein følge av å generelt ikkje fungere at det som er så innlysande ikkje vert tatt til følge.
Det er kanskje større sjanse for at det står om gravide i ABnormal psykologi???
Espen, eg har ikkje lest undersøkjinga, så det er vanskeleg for meg å vite, men eg antok at sidan dei kunne måla mindre hjernekapasitet, at dei kanskje gjekk ut i frå den kapasiteten ein ellers ville brukt. Ellers er livet utan hjerne å anbefala… ting er enklare. Det einaste innlysande som eg har oversikt over ville vera julestjerna i vinduet =)
Dessutan, eg hadde matte med Marita på videregåande, og der var det mange morsomme prosentar ute og gjekk skal eg sei deg =) =)
Hm, nei det står lite om gravide om abnormal der heller, eller litt om alle psykiske lidelsane som kan ha samanheng med arv å sånt er vell det nærmaste ein kjem ;)
Ja, arv er jo nokså graviditetsrelatert, ja =)