Eg har fått prøvd meg på å lage marsipankake, for fyrste gong. Me hadde generalforsamling ARK sist veke, og eg blei valgt til hybelsjef. Tradisjon seiar at hybelsjefen skal stille opp med kake på styremøte og på fyrste styremøte skal det vera marsipankake. Så då måtte eg jo bare hiva meg utpå og prøva. Blei ganske fornøyd med resultatet. Nå funderer eg på kva kake eg skal lage neste gong.

Hausten har kommt te Trondheim, og eg har fleire gonger vurdert å finna fram andre jakkar enn tynne sommarjakkar og varmare kler. Men hausten er litt luren, for kvar gong eg finn fram andre kler, så blir det varmt ute igjen. Og eg held på å dovne vekk av varme.

Har visst veldigt få haustbilder, men fant tilslutt eit fra elgjakttur med klassen på KVS
Eg har heller ikkje fått brukt regnkåpa mi skikkeligt ennå. Ein dag måtte eg skyndte meg ut på tur, slik at eg fekk testa den i yret. Den var vertfall tett på den turen.




















